Skal ein lære korleis ein unngår grove handlinger, eller skal me lære å ikkje handle grovt?

På veg heim frå jobben, sitter eg på T-banen og leser nettavisene. Havnar inn på ein artikkel om korleis me menneske skal takle utroskap. Eg kjenner halsen stammes og eg blir faktisk oppriktig lei meg over kor perspektivet rettes mot. Nettopp fordi eg har lest samme artikkel om korleis ein skal komme seg ut av voldtekt og korleis mobbeoffer skal kunne møte mobberene igjen. Eg skal takle å lese om utroskap- det skal ikkje sammenlignes med voldtekt og mobbing, men det er vinklingen eg sliter med. 

(Korti skal me lære å ikkje være utro) korti skal det skrives ein artikkel om å ikkje voldta, eller mobbe. Kvifor er fokuset alltid på korleis ein kjem seg ut av slike handlingar. Ikkje om opplæring, korleis heim, barnehager, skular, institusjonar, etc bør førebygge og undervise menneske til å skjønne alvoret i tankane sine.

Eit offer må altså lære seg å takle det? Eit offer må lese VG+ og lære seg korleis ein går ut av ei offerrolle? 

And let`s face, nye offer kommer- Skal offerene då være glad for den informasjonen de mottar? 

Perspektiva er riv ruskande gale: Ingen skal måtte lære seg å takle slike handlingar, menneske skal ikkje handle slik, det skal aldri gå så langt.

For all del, det er god informasjon til mennesket som er blitt krenket og føler at de har nytte av det, men perspektivet burde vel leggas på korleis ein førebygger slike forferdelige handlingar. Når det er sagt, ynner eg selvfølgelig offerene å få den type oppmerksomhet retta mot seg. Dei skal få nødvendig informasjon om korleis livet skal kunne bygges opp igjen. Det er bare at eg synst verkeleg at det er vanskelig å skjønne at det einaste eg lærte på barneskulen og ungdomsskule i forhold til lovverket var at ein ikkje skulle stjele eller bruke narkotika. Viktig informasjon det og. Men det var ikkje større behov for det (tydeligvis.) Det var ingen undervisning om møte med andre sine grenser. 

Heldigvis har eg skjønt på vegen at det gagnar meg meir å være eit godt medmenneske enn å bryte andre ned. Men dei menneskene som aldri lærte dette, eller ikkje skjønte dette. Dei er der ute, utan informasjon. Tenk om dei blir foreldre ein dag?

Ei god venninne av meg er dessverre et voldtektsoffer, og i den situasjonen hennes, husker eg at all informasjon handla om korleis ho skulle takle det. Korleis pårørande skulle takle det. Det handla om å tørre å møte seg sjølv som offer, og å reise seg opp igjen. Venninna mi takla dette altfor bra, ho møtte seg sjølv og gjekk ut av denne rolla, og fekk overtaket. Det var mykje forventinger til ho som offer, ho måtte være sterk og reise seg opp, saman med alle desse flotte artiklene om korleis ho skulle klare det. Men kvifor i helvete skjedde det? Kvifor blei ho voldtatt?

Kva skjedde med informasjon til han som voldtok? Kvifor lærte ingen han, at dette var gale? Det var heller ingen brosjyrar om tankane hans eller korleis han skal komme seg ut av det.  Sist men ikkje minst- Det var ingen brosjyre til offer om kva som gjere at det finst mennesker som voldtar, mobber eller krenker ein.  

Heller ingen brosjyrer om den vanskelige samtalen foreldre bør ta med barna sine, når det kommer til grenser.

Informasjonen bør vel begynne med korleis me skal unngå å mobbe, voldta, (være utro.) Informasjonen bør vel handle om korleis ein skal være for andre medmenneske og kor grensene bør gå.  Alle mennesker har ei eiga grense, men det å godta et STOPP. Eit enkelt nei.

Min bønn er meir informasjon til barnehager, skular, helsestasjoner, VG, Dagbladet, KK, etc..Meir informasjon om korleis me stopper dette. Eg har lært at livet innimellom kommer til å være tøft, men eg vil gjerne lære dei som gjere livet tøft, å være bedre i møte med andre.

Men kven sitt ansvar er dette?

#VG #MOBBING #VOLDTEKT #SAMFUNN #BARN #FORELDRE #NORGE

 

8 kommentarer

Sølvi waage

17.11.2016 kl.18:01

Heisan. Flott innlegg. Veldig sant og liker at du tar opp et veldig viktig tema. Offeret er den som alltid pekes på. Hva den bør gjøre for å unngå situasjoner etc. Vil allikevel bemerke at sønnen min går på en skole i stavanger Smiodden ungdomsskole som faktisk er første skole i landet som denne uken har fokus på dette. Prosjektet kalles: sykt uego . Sjekk det ut😀 Følg gjerne bloggen min: #stavangerinmyheart.blogg.no . Ny blogg men kommer til å blogge litt om aktuelle tema😀

Elisabeth Hillestad

17.11.2016 kl.19:51

Sølvi waage: Balsam i mine øyrer. Fantastisk prosjekt.

desomskapteverden

17.11.2016 kl.18:33

Det som er mest ille er når mobbeofferet må bytte skole, og ikke mobberne.

Elisabeth Hillestad

17.11.2016 kl.19:50

desomskapteverden: Det er heilt forferdeligt.

17.11.2016 kl.19:06

desomskapteverden: nå kødde du? Å bytte skole er ikke verre enn utroskap og voldtekt

Elisabeth Hillestad

17.11.2016 kl.19:50

Anonym: Eg trur ikkje det var det vedkommende meinte. Det blei lagt fram litt feil. Men i beste meining. Å bytte skole for et mobbeoffer er som å fortelle verden at det er din skyld i at du blei mobba, at du er problemet, og kan derfor ikkje gå på den skulen lenger. DET er veldig urettferdigt.

desomskapteverden

17.11.2016 kl.19:55

Slike ting er uansett vanskelig å sammenligne.

Elisabeth Hillestad

17.11.2016 kl.20:04

desomskapteverden: Veldig enig i det!

Skriv en ny kommentar

Elisabeth Hillestad

Elisabeth Hillestad

31, Stord

Førskolelærer og mastergrad i barnepsykologi. Barn i sorg.

Kategorier

Arkiv

hits